Gardsbutikk

Gardsbutikk


Vi tilbyr lokalmat og gardsprodukter som bl.a ulike typar kjøtt, ved,og alpakkagarn.


Vi er stort sett alltid å finne på REKO-ringen i Førde (bestill via facebook sida der)

eller du kan ta direkte kontakt med oss om du ønsker å kjøpe noko av våre produkter. 


På Angedal Gard er vi opptatt av dyrevelferd, og dyra får både godt stell og mykje utegang.


Vi har ulike kjøttprodukter fra dexter og mangalita svin. Kva produkt vi har inne til ei kvar tid vil vere litt varierande. 


Dømer på kjøttprodukter vi har er: krydra kjøttbollar, burgerdeig, kverna storfekjøtt frå dexter, stykningsdeler frå storfe rasen dexter, snadderpakker på 16-20 kg av mangalitasvin, grillribber, bog,skinkesteik og svinekoteletter.




    Dexter:  Dexter er ein av dei minste storfe rasane som finst. Dei veks seint og                          brukar lengre tid på å bli slakteklar enn dei tradisjonelle rasane.  Vi har                      ammekyr, der kalvane får gå fritt ilag med mødrene sine og vere mykje                       ute heile året.


 Mangalita svin:  Mangalitsa/ullgris har ein særegen smak, og skil seg på både smak og vekst frå den typiske «rosagrisen».
Grisen veks i eit seint og naturleg tempo, og dei er ikkje slakteklare før dei er rundt 1,5 - 2 år. Dei opparbeida seg eit tjukt fettlag som gir eit godt marmorert og smakfylt kjøtt.
Hos oss lever grisane ute heile året, og dei har store område å bevege seg fritt på, friskt vatn, tilgang til gjørmebad og eigne hytter fulle av halm om det skulle friste. Dei får servert økologisk, soyafritt og norskprodusert kraftfor og dei får store mengder grønnsaker og bær som vi henter frå daglegvarebutikk. Når sesongen tilllet det et dei friskt gras, urter og røtter som dei finn på beite. I vinterhalvåret får dei silofor frå eigen gard som tilleggsfor.


 Alpakka garn:  100 % rein ull, eller alpakkafiberen, er eit prima produkt. Det innholder ikkje lanolin, slik som saueull, og lukter ikkje når den blir våt. Den tar til seg lite støv og er allergivennleg.
Alpakkaen kan produsere 1 til 10 kilo fiber, alt etter kvaliteten, alderen og størrelsen på dyret.
Alpakkaen har den finaste ulla, og vert klipt berre ein gang i året. Etter klipping sender vi ulla til spinning hos telespinn, og vi har att følgande:


- Gråttgarn i 50g buntar, 89 kr/stk
- Brunt garn i 50 g buntar 89 kr/stk
- Kvitt garn i 100 g buntar, 149 kr/stk